Målet nærmar seg

Første stopp på turen var Lanzarote seint i går kveld. I føremiddag låg vi så fleire timar ved kai i Las Palmas på Gran Canaria (bildet). No er det berre dei siste fire timane att over til Santa Cruz de Tenerife. Ferjeturen har vore fin, har fått fred til å jobbe, berre avbroten av dei tre daglege gratismåltida som vert servert i kafeteriaen - i skarp kontrast til danskebåten, der dei prøver å prakke på deg alle slags restaurantbesøk når du skal bestille billetten på nettet. Ein annan skilnad frå danskebåten er at folk reiser med denne ferja for å reise, ikkje for å vere på heisatur. Det er såleis svært roleg i baren også på kveldstid, og her finst verken kasino, taxfree eller dansebandmusikarar.

Eg takkar dei som har følgt meg på turen. Mulig eg bloggar om heimreisa og, det blir i så fall om ein månads tid.

Én kommentar

annebritt

05.02.2015 kl.18:32

Nu gjir æ mæ åver - er du alt framme?? Jasså, det er slik dei får med seg gneldrebikkjene (dei firbeinte) til Gran Canaria, ja eg lurte på det. Men vi likar ikkje at bloggreisa tek pause. Fænsen krev meir! Lev vel!

Skriv en ny kommentar

hits